onsdag 13. juli 2011

No sit Tobias og eg på båt fra Selje til Florø, og der har dei gratis nett og vi kan bidra litt på bloggen. Turen fra Bud til Spjelkavik var også ei naturoppleving utanom det vanlege. I tillegg byr silke lange sykkelturar på lite trafikerte småveger på nye og spennande sanseopplevelser. For eksempel var det mange forskjellige middagsmatlukter å kjenna rundt middagstider, og det var lett å kjenna om nokon hadde vert på tunet og røyka sjølv om eg ikkje kunne sjå nokon. Ikkje minst får tankane veldig frie tøyler og eg har fått mange nye ideer til kapitler i filosofiboka eg må skrive ein gong. Bileta fekk eg ikkje til å laste opp frå iPaden-:(

1 kommentar:

  1. Stå på Gunnar og Tobias! Synes dere er tøffe, og er en smule misunnelig på den fine opplevelsen deres.
    Jim

    SvarSlett